Everest

Det er få filmer som eg ligg å tenkjer på gjennom heile natta. «Everest» holdt meg våken i natt. Det var noko med den som greip meg.everest_poster

«Everest» er ein spelefilm basert på ein sann historie, om ein gruppe fjellklatrarar som har som mål å koma på toppen av Mount Everest, verdas høgaste fjell. Alt startar bra, men sidan dei har laga film om hendinga, må det jo skje ein form for katastrofe, eller kva? Den kjenslen hadde eg i meg gjennom heile filmen, og ja, eg hadde i grunn rett. Men tragedien skjedde ikkje slik eg fyrst tenkte. Det vart mykje verre.

Gjennom heile filmen kjem det fram stadsnamn og klokkeslett som gjer oss bevisste på kvar i hendingsforløpet me er, og korleis karakterane låg ann i forhold til mål og forventingar. Det hjalp meg som sjåar å halde styr på stadar eg aldri har vore.

Men for nokre stader! For ein natur! Du vil ikkje tulle med Mount Everest, er tanken eg fekk undervegs i filmen. For nokre flinke skodespelarar!

landscape-1442863457-everestBare å draume om å bestige fjellet, er galskap meinar eg. Filmen gav meg eit godt inntrykk på korleis klatrarane systematisk jobbar seg oppover, og ikkje minst nedover. Sjølv om det ikkje var mykje action som i ein actionfilm, var det konstant spenning grunna den vonde kjenslen eg heile tida hadde i meg. Det var så ekte. Det var så tragisk. Det var rørande. Me veit alle at mennesker er upålitelege til ein viss grad. Fjellet er enda meir upåliteleg.

maxresdefault-1

Passangers

mv5bmtk4mju3mdizof5bml5banbnxkftztgwmjm2mzy2mdi-_v1_ux182_cr00182268_al_Eg veit i grunn ikkje heilt kvifor, men eg likte denne filmen. Eg likte den godt. Det var ikkje så voldsom mykje action, kjærleikshistorien var ikkje overraskande, og effektene var ikkje så veldig mange, men likevel var det noko som drog meg til den. Eg har konkludert med at det kan vere spenninga og nyskjerrigheita som tok meg. Skodespelarane var dyktige, og klarte verkeleg å leve seg inn i rollane sine. Heilskapen i filmen var god. Eg vil innleie med at eg anbefaler å sjå denne filmen på det sterkaste.

«Passengers» går på kino nå, og det er Morten Tyldum som har ressigert den. Med seg har han Jennifer Lawrens, Chris Pratt og Michael Sheen i hovudrollane. «Passengers» er dyktig laga.

Handlinga skjer i verdsrommet. Eit romskip er på ein 130-års reise til ein koloniplanet, då ein av passasjerane våkner opp 90 år for tidleg. Han oppdager at han er aleine på skipet, samans med nokre tusen sovende passasjerer. Han innser at han kjem til å døy på skipet, ein skjebne han ikkje var førebudd på då han steig om bord ein del år tidlegare.

960x410_94131de6396fff2a03732c56044eaee5Ensomheita er sterk. Han veit ikkje kvifor han våkna. Han prøver det han kan for å la dagane gå, men det vart etter kvart uuthaldeleg. Han kjem opp i store dilemmaer og vanskelege val. Korleis kan han klare å leve i ein tom metallverd utan nokon andre levande vesen?

Filmen er gripande, og får ein til å tenkje. Viss eg hadde vore i den situasjonen sjølv, kva hadde eg gjort? Hadde eg tatt dei same vala som han tok? Hadde eg valt å leve livet mitt på ein annleis måte?

passengers-1Sjølv om handlinga finn stad i verdsrommet, og det er tydeleg at det er på eit romskip av metall og begrensa med plass, fekk eg likevel ikkje den kjenslen då eg såg på filmen. Plassen var godt utnytta i filmen, og handlinga tok dominerte over den kalde sci-fi-sjangeren.

Som sagt så vil eg anbefale filmen på det sterkaste. Det var ein god filmopplevelse.

2017

Har du eit nyttårsforsett for 2017? Eit eller fleire mål du har satt deg? Eit ynskje? ein drøm du vil få oppfylt? Sjølv om me allereie har komme halvvegs ut i januar, så er det ikkje for seint å sette seg ned og planlegge året. Sjå på kva du har lyst til, korleis du kan få det til, og rydd i avtaleboka. Sett av tid til det du syns er moro, det du likar, det som gjev deg energi. La målet ditt bli til vane, så er det ikkje noko problem.

I 2016 hadde eg eit mål om å få så mange kryss på bokbingoen som mogleg. Fyrste halvår gjekk kjempebra, og eg las den eine boka etter den andre. Så kom hausten, og eg fekk ein brå start på masterstudiet. Det vart rett og slett så mykje å jobbe med der, at eg berre fekk lest ein bok i heile haust. Likevel er eg fornøgd med resultatet, og tenkjer at eit anna år vil eg klare fleire. Men det kan ikkje bli dette året her. Eit nytt semester på masterstudiet, som er enda meir krevjande. Det kan hende eg får lest ein bok innimellom alle andre pensumbøker, men kan ikkje satse på det.

Kva er ditt mål?

God jul <3

Her kjem ei lita julehelsing rett før jul. Eg har juleferie, og nyter den med å gjere så lite som mogleg. Det har vore ein travel haust, så mykje boklesing har det ikkje blitt. Einaste boka eg har lese sidan august, er «Et helt halvt år» av Jojo Moyes. Dette var eiet-helt-halvt-ar-nyttopplag bok som var både morosam og rørande. Den var lettlest, og var derfor ein god bok å pløye gjennom på få dagar. Det er godt å ha nokon slike bøker i ein ellers travel kvardag.

Eg likte boka godt. Historia var annleis enn historiar flest, med ein litt uventa slutt. Eg likte godt hovudkarakterane, dei var gjennomførte og hadde ein tydeleg personligheit. Hmm.. Kanskje litt for tydeleg. Men eg likte dei. Eg anbefaler absolutt å lese boka! Og gjer det før du ser filmen!!! Eg har ikkje sett filmen, men har lyst til det, men eg er så glad for at eg las boka fyrst. Det var mange små og morosamme detaljar og augneblink som fort kan bli borte på eit lerret.

Så nå vurderar eg om eg skal lese dei andre bøkene i serien. Noko å anbefale?

Av frykt for å ikkje få koma meg inn på bloggen meir før julaften, ynskjer eg dykk alle ein god jul 🙂 Tips til ein bra film å sjå i jula er «Veien til Betlehem». Dette er ein skikkeleg julefilm, som handlar om den fyrste julenatt.

josef-og-maria-i-veien-til-betlehem

 

Til skræk og exempel

9788292712177Kan hende du har planlagt kva du skal kle deg ut som, eller allereie byrjar å kaupe inn halloween-godteri? Viss du i tillegg tenkjer at det hadde vore moro å lest ein bok om hekser og sligt, har eg eit godt forslag til deg.

«Til skræk og exempel» er ein historisk fagbok skreve av Terje Sødal. Eg hadde denne som pensum det fyrste året på historie, og dette er nok den mest likte pensumboka eg har hatt i løpet av dei mange år som student.

«Til skræk og exempel» tar føre seg kriminaliteten spesielt på Agder på 15-1600-talet, midt i heksebrennartida og mange forferdelege, men også interessante henrettelsesmetoder. Dette er studiar frå røyndommen, så når du les kan du tenkje at alt er sant.

I byrjinga har Sødal med litt tørr teori, der han forklarar korleis kjeldene såg ut og korleis bøter og straffedommar var på den tida. Men det som er interessant med boka, er alle dømane Sødal har med. Han tar føre seg verkelege hendingar, og fortel kva som skjedde og korleis det så gjekk vidare.

Sjekk ut «Til skræk og exempel»! Det er verdt det!

Miracle Maker av Deririous?

Høyrer gjennom gode gamle sangar på PC’n for tida. Heilt ærleg, så er det mykje bra her. Denne sangen dukka opp som fyrste sangen i dag, og for ein sang! Mektig, ærleg og får meg lyst til å bare lovsynge Gud resten av dagen.

Kvaliteten på klippet her er ikkje så bra, men lyden er god. Ut i sangen så kjem det opp nokre ord, som er «heilag» på fleire språk. Fantastisk!

Lytt til sangen, og kjenn den i hjartet ditt.

2 filmer basert på bøker

For tida er det blitt vanleg å filmatisere bøker. I Noreg kjem nesten filmane før ein har høyrd om bøkene. For min del er det litt frustrerans, eg får jo ikkje alltid moglegheit til å lese bøkene fyrst, som eg oftast vil. Men andre tilfelle får eg med meg at det er ein bok. Eg får tak i boka. Eg les boka. Eg ser filmen. Synest boka er best. Men filmen er bra den også.

Her er tre gode tips til filmer som er basert på bøker. NB: Eg vil alltid anbefale å lese boka fyrst!

  1. The Martian

themartianEg las boka tidleg i sommar, og slukte den på få dagar. Lettlest og humoristisk. Eg var svært spent på filmen, og hadde store forventingar. Veit ikkje om det var positivt eller negativt. Eg vart ikkje skuffa, det er jo bra, men eg vart ikkje overbegeistra heller.

Gitt ut av 20th Century Fox, år 2015 og regissert av Ridley Scott («Promotheus», «Exodus: Gods and Kings»). Med Matt Damon i hovudrolla blir filmen interessant med det same. Det er samtidig godt å sjå Damon i ein anna film enn action. Han klarar verkeleg å få fram personligheita til hovudpersonen, Mark Watney, både det intellektuelle og det humoristiske. Damon klarar å få fram ulike kjenslar og reaksjonar i ulike situasjonar. Bra! I tillegg til Matt Damon er også Jessica Chastain, Sean Bean og Aksel Hennie med i filmen (Hurra for norsk skodespelar!).

Filmen overraska ikkje, men den var likevel bra. Den var så nært boka som det går ann for ein film, og det likte eg. Det var likevel eit par scener som ikkje var med i filmen som eg sakna, og det var nokre få endringar på slutten. Filmen hadde også tatt den frimodiheit å tatt med ekstra scener på slutten, som ikkje er med i boka, noko som både overraska, men gjorde ein god avslutning.

2. The Book Thief

Book_thief_movieposterEg skreiv på slutten av innlegget om «Boktyven» av eg var usikker på om eg ville sjå filmen eller ikkje. Det endte med at eg såg den, berre nokre få dagar etter eg var ferdig med boka. Eg angrar ikkje på at eg såg filmen, men det var ikkje så lurt av meg å sjå den så kort tid etter boka. Les boka fyrst, men  vent ein stund med å sjå filmen. Då hugsar du ikkje kvar einaste detalje, og filmen blir meir interessant og spennande, trur eg.

Gitt ut av 20th Century Fox, år 2015 (Noreg) og regissert av Brian Percival. Me møter sjølvaste Geoffery Rush i rolla som Hans Huberman, noko eg fyrst var litt skeptisk til, for han har eit svært gjenkjenneleg ansikt, men det viste seg at han gjorde ein god jobb. Han klarte å få fram det gode vesenet til karakteren, og omsorgen og mildheita var lett å kjenne attende. Liesel vart spilt av Sophie Nélisse, som gjorde verkeleg ein strålande opptreden!

Boka er lang. Filmen var lang for å vere film (litt over 2t), men den klarte ikkje å få med alt likevel. Det slik det er bare. Når ein adapterer bøker til film. Filmen fekk likevel med det viktigaste, og det er tydeleg å sjå at manus var vel bearbeida. Eg likte filmen, trur eg. Men den var ikkje nødvendig å sjå. Boka er så kompleks, så stor, så annleis, mens filmen vart så ordinær. Filmen fekk ikkje fram storheita til boka. Den fekk ikkje fram det poetiske. Men den var likevel ein god film som viste korleis ein «normal» tysk familie kunne oppleve krigen.